Den djupe dalen med mykje historie... 

Kort historikk

Dalføret Lærdal var busett og brukt av menneske alt for 6000 år sidan (4000 f.Kr.). I Lærdal finn vi dei første spora etter menneske i fjellområde i Noreg.

Lærdal har gjennom alle tider vore hovudferdselsåre mellom aust og vest i Sør-Noreg. Frå dei tidlegaste tidene gjekk ferdselen langs tråkk, medan den første organiserte vegen truleg var den offentlege postruta som kom over Filefjell og gjennom Lærdal i 1647. På 1780- og 90-talet vart Kongevegen bygd over Filefjell og gjennom Lærdal, og i 1840-åra vart han opprusta til Den Bergenske Hovedvei som også tok nye trasear nokre stader. I 1870-åra, då dynamitt var vorte mogleg å nytta i samband med vegbygging, kom endå nye trasear, denne gongen vart det sprengt veg langs Lærdalselvi fleire stader. Difor går det minst fem generasjonar veganlegg gjennom Lærdal i dag. Mange titals kilometer av desse vegane er framleis intakt. Fleire strekningar vart i 2009 freda av Riksantikvaren. Kongevegen over Filefjell har også vunne fleire prisar, mellom anna den nasjonale «Vakre vegers pris» i 2014 og Europa Nostra-prisen for beste bevara kulturminne i 2017. Dei historiske vegane er svært populære vandrevegar.

Frå mellomalderen vaks strandsitjarstaden nedst i dalføret (dagens Lærdalsøyri) fram som ein naturleg marknadsplass. Inste del av Sognefjorden ligg midt i Sør-Noreg, om lag midtveges mellom kystlinja og svenskegrensa. Sjøvegen var å føretrekkja som ferdselsveg, og transport til indre delar av Austlandet gjekk gjerne frå dei inste fjordbotnane, og Lærdal hadde her ei gunstig plassering som var føresetnad for funksjonen til staden som marknadsplass og trafikknutepunkt. Her skifta trafikken frå sjø til land eller omvendt. Slik vart ein stor marknad arrangert kvart år. Kystbønder kom med sild og fisk og bytte varer med fjellbøndene frå Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Denne Lærdalsmarknaden er første gong nemnt så tidleg som i 1596, og verka seinare også som ei kulturhending med dans og eit årleg festspel, ein vestlandskappleik, for den norske nasjonalmusikken. Nyare undersøkjingar tyder på at Lærdal har vore eit sentrum for handel også i tidlegare tider – på Bjørkum kring 15 kilometer aust for Lærdalsøyri vart det i 2009 gjort ei rekkje arkeologiske funn som langt på veg beviser at det vart utført handel og produksjon her for og i viktingtida (i løpet av 650 - 950 e.kr). Det er også funne spor av handverk frå steinalderen på lærdalssida av Hemsedalsfjellet.  

Når det gjeld Lærdalsmarknaden så blir den arrangert den dag i dag med hovudmarknaden tredje helga i juni, haustmarknad siste helga i september og julemarknad i slutten av november.

På 1800-talet vaks Lærdalsøyri så kraftig at Stortinget hadde byplanar klare i 1841. Likevel stranda byplanane før det vart effektuert nokon bystatus. 

 

Representantane frå Bergen by reiste til Eidsvoll våren 1814 med skyssbåt til Lærdalsøyri og derfrå vidare med hest og kjerre over fjellet. Dette var raskaste veg til grunnlovsforsamlinga. Soldatar frå Trøndelag segla til Lærdalsøyri for å yte danskane krigshjelp i 1864. Dette var raskaste vegen til mobiliseringstaden på Gardermoen.

Då formannskapslovene tredde i kraft 1. januar 1838 vart Lærdal etablert som ein kommune som femna om Lærdal, Borgund og Årdal, same utstrekking som Lærdal prestegjeld. I 1860 vart Årdal skilt ut som eigen kommune, og fire år seinare vart også Borgund eigen kommune. 1. januar 1964 vart Borgund sameint med Lærdal att, samstundes som deler av fjordbygda Strendene som då tilhøyrde Årdal, kom tilbake til Lærdal. I 1992 vart Frønningen skild frå Leikanger og lagt til Lærdal.

I januar 2014 vart Lærdalsøyri (sentrum av Lærdal) råka av ein storbrann. Nokre av husa i dei verneverdige områda gjekk tapt i brannen, mellom anna Synneva Eris hus, som hadde status som freda.

Dagens Lærdal

Lærdal har i dag knappe 2 200 innbyggjarar, litt over halvparten bur i eller nær sentrum. Den øvrige busetnaden er spreidd oppover dalføret i grendene Tønjum, Ljøsne, Borgund og fjordbygdene Erdal, Vindedal, Strendene og Frønningen – desse er hovudsakleg gardsbruk av ulik storleik med nokre bustadfelt innimellom.

Ettersom lokalsjukehuset for Sogn (regionen Lærdal ligg i med åtte kommunar) ligg i Lærdal jobbar mange av innbyggjarane innanfor helse. Lærdal har også eit innovativt jordbruk der det sørskilt har vorte satsa på frukt og grønt – mellom anna blir over halvparten av alle morellene som blir produserte i Noreg dyrka i Lærdal; også bringebær, gulerøter og poteter er det stor produksjon av. Elles er bruka hovudsakleg sauebruk – nokre i kombinasjon med grøntproduksjon, og det er også noko mjølke- og/eller storfekjøtproduksjon. Elles er det fleire tradisjonsrike byggefirma i bygda og reiselivet har vakse dei siste åra. For øvrig er det snakk om ein blanda næringsstruktur.

Når det gjeld ferie og fritid er Lærdal eit mekka for den natur- og kulturinteresserte. Lærdalselvi er ein av Noregs mest kjende lakseelvar med stolte tradisjonar tilbake til siste halvdel av 1800-talet, då pengesterke britiske lakseturistar byrja å finna vegen til bygda. For mange av gardane har utleige av laksefiske vore ei viktig inntekt. Elva vart stadfesta infisert av den frykta lakseparasitten Gyrodactulus salaris, og hadde i ein periode på vel 20 år status som smitta – i fleire periodar var elva då stent for fiske. Etter fleire rundar med behandlingar vart elva friskmeldt i 2017 og det er no ordinært fiske etter laks og sjøaure att.

Lærdal har også godt aurefiske – både i fjellvatn og Borgundselva (den øvre delen av Lærdalselva, som laksen ikkje kjem opp i ). For den jaktinteresserte har også Lærdal hatt mykje å by på; det er sterk kultur for både hjortejakt og reinsjakt, til dels også rupejakt. Den største reinsstamma som delvis heldt til i Lærdal, i Nordfjella, fekk påvist skrantesjukle i 2016 og heile stamma på bortimot 2 500 rein vart sanert i løpet av dei to komande åra. Stammen skal etter planen reetablerast, tidlegast frå 2023 av. Hjortestamma har også vorte jakta intensivt på sidan for å redusera stamma med tanke på potensiell smittespreiing – denne skal vera redusert til halvparten av 2016-nivå til i 2021.

Elles er det tett mellom stølsstiar og andre bratte turstiar dalen gjennom – for den som vil trimma oppetter fjellsidene eller berre få fugleperspektiv over dalen og fjorden. Populære, sentrumsnære turmål som Torsteinen/Oftedalen, Storehaugen og Hogneåsen kan nemnast. Det er også mange fine sykkelruter i dalen – på asfalt langs vegar med lite trafikk ettersom vegane har vore omlagde fleire stader i mange rundar; her kan mellom anna Lærdalsøyri - Vindedalen og langs gamle E16 frå Bjørkum heilt opp til Filefjell nemnast (ein må innom «Nye E16» på eit par kortare strekningar). Også grusvegen/anleggsvegen inn Raasdalen og opp i Lærdal statsalmenning er populær å sykla blant dei som vil ha ei skikkeleg utfordring (Kring 1500 høgdemeter frå Ljøsne til vegen endar ved Kvevotni).

Det er mykje spennande å sjå på i Lærdal – det unike trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri, Borgund stavkyrkje og Norsk villakssenter, for å nemna noko – meir info om dette og kvar ein kan henvenda seg om ein vil fiska, vandra eller sykla les ein under «Attraksjonar og shopping»

Lærdal har også mange flotte og varierte arrangement gjennom året – marknader, mat- og musikkfestivalar og idrettsarrangement, mellom anna. På denne nettsida får du innblikk i og oversikt over dei største arrangementa i bygda.

Facebooksida «Kva skjer i Lærdal»:

  • Facebook Clean Grey

© 2019 by Lærdal Næringsutvikling